Barne- og ungdomsklubben

Dette er ein foreldredriven klubb for barn og unge i alle aldrar. Me held til i kjellaren på Eidsborg grendehus, og det er klubbkveld kvar andre veke.

Klubben vart i utgangspunktet starta for å ha eit tilbod til barn og ungdom i bygda, men også nabobygdene er hjartleg velkomne.

I tillegg til vanlege klubbkveldar arrangerer klubben ski- og akedagar, fisketurar, diverse klubbturar med overnatting, skikarusell, pizza og dvd kveldar, jolemesse, joletrefest m.m.

Klubbkveldane

På klubbkveldane er det mogleg å spele musikk, biljard, bordtennis og brettspel. Ein kan også teikne, drive med formingsaktivitetar eller bare leike, preke og ha det trivleg saman. Minst ein vaksen er tilstades i klubben kvar gong, og det er mogleg å handle i "minikiosk".

Nokon gonger spelar me bingo, då kan ein vinne viskel, blyant og andre småting. Før påske lagar me påskepynt, før jol lagar me jolepynt osv. som ungane kan ta med seg heim eller ha til gåver.

 Denne siden ble sist oppdatert 31/10-2011

 Del denne siden på Facebook: