Historia om Eidsborg ungdomslag

Det var i 1909, etter å ha vore med å skipe Dalen og Vistad ungdomslag at Johannes J. Hegna m.fl. også skipa Eidsborg ungdomslag. Det var E. Gj. Kleppo som var fyrste formannen, og laget vart straks tilslutta Telemark ungdomslag.

Ungdomshuset Eidskog

Ungdomshuset Eidskog vart sett opp i 1918 av Sveinung Nielsen Omdal og Eivind Espelid. Tomta fekk dei på Olav O. Romdal sin grunn, Nistog Vindlaus og tomteleiga var på 50 øre i året. Bøndane i bygda gav gratis tømmer, men tømrarane tok kr. 1.900,- for arbeidet. Då huset stod ferdig i 1918 hadde laget ei gjeld i Lårdal sparebank på kr. 6.000,-. Då riksveg 45 vart lagt om blei tomta som huset stod på uteneleg, og bygningen vart skada av steinsprut etter fjellsprenging. I dag stend Eidskog på Vest-Telemark museum Eidsborg. Det var i 1982 at Eidsborg grendehusstyre gav bygningen til Lårdal Bygdemuseum mot at dei kosta flytting og planering av tomta etter riving. I 1983 løyver Tokke kommune kr. 15.000,- til riving og flytting, og i 1984 vert arbeidet med gjenreising sett i gang.

Ungomshuset Eidskog 2008

 Denne siden ble sist oppdatert 28/1-2010

Bilder

 Del denne siden på Facebook: