Årsmeldingar for EUL og Barne- og ungdomsklubben

Årsmelding for barne- og ungdomsklubben 2014

  • Leiar 1.halvår:  Pernille Sørdal
  •  Leiar 2. halvår: Astrid Irene G. Hommo
  •  Kasserar: Mette Lillegård

    Me har hatt klubbkveldar annankvar torsdag frå 17:30 til 19:00, totalt 13 klubbkveldar. Det har vore sal av godteri i minikiosken, biljard og bordtennis speling, samt teikning og diverse formingsaktivitetar. I haust starta prosjektet «Bygda vår». Dette er eit samansatt prosjekt av fleire delar som vil strekke seg over lengre tid. Ungane har vore journalistar og gjeve ut første utgåve av «Essbørgpøsten». I forkant av dette hadde klubben besøk av Randi Berdal Hagen frå VTB, som ga borna ei innføring i journalistikk og tips til korleis dei kunne gå fram. Avisa vart veldig populær og heile opplaget vart utselt.Neste utgåve er allereie på gang. Ungane er og i gang med å lage ein modell av Eidsborg. For å gjennomføre dette har me blant anna fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen. Me invitera difor Ingrid Omdal Tveito som representera stiftelsen og Ingrid Berdal Hagen frå VTB på ein klubbkveld for å takke for hjelpa. Det kom ei flott reportasje i VTB i etterkant av dette. Vest Telemark Museum v/Karl Endre Bjerk har også bedt om bistand til idear rundt Telemarkskanalprosjektet dei er i gang med. Han invitera klubben opp på museet, der dei fekk ei innføring i planane. Tilsaman 14 ungar er pt. medlem i klubben, og stort sett alle har møtt på klubben, samt ca 2-4 foreldre. 

    Utanom dei ordinære klubbkveldane har me arrangera fleire aktivitetar

    • Skikarusell på søndagane frå 2.2 til 9.3 avslutta med bålkos og premiering.
    • Bygdekaffi med servering av fastelavensbollar 9.3
    • Tradisjonen tru, ski og akedag på Uppigard 16.3
    • Tur til Rjukanbadet 12.4, der 13 born og 5 vaksne møtte.
    • Sumaravslutning på badeplassen med grilling og leik. (Stafett) Bra oppmøte av bygdefolka!
    •  Vaffelkafe 30.9. Dette var rett og slett ein inntektsbringande kveld, der borna stod for vaffelsal. Mange møtte og fekk seg vaffel denne haustkvelden.
    • Bygdekaffi 28.10, sal av loddbøkar og Essbørgpøsten.
    • Jolemesse 23. november. Det kom 11 utstillerar med alt i frå sauskinn til smykke, kling og heimspita varer samt mykje meir. Klubben stod for matsal som var graut, pylser og kaker. Me hadde trekning av loddbøkane og denne dagen. Det var stor suksess, med flotte premiar som Ipad, gåvekort på Fristad og hjå Gullsmed Vinjerui.
    • 8.12 hadde me joleavslutning for klubben på Bergli. Då kosa me oss med heimlaga pizza og filmen «Jol i Flåklya».
    • Joletrefesten vart 2. joledag. Det kom mange denne dagen inklusiv nissen. Me gjekk rundt joletreet, hadde nokre leikar og kosa oss med medbrakte kaker som alle hadde med seg.

     

Astrid Irene G. Hommo

 

 

 

 

 

 

Årsmelding 2010

Last ned dokumentfil (660 kB) :

Årsmelding 2009

Last ned dokumentfil (393 kB) :

Årsmelding 2008

Last ned dokumentfil (115 kB) :

Årsmelding 2007

Last ned dokumentfil (409 kB) :

Årsmelding 2006

Last ned dokumentfil (272 kB) :

Årsmelding 2005

Last ned dokumentfil (243 kB) :
 Denne siden ble sist oppdatert 16/2-2015

 Del denne siden på Facebook: