5 divisjon utvida til 12 lag.

Tinget i Sunnmøre fotballkrets vedtok laurdag å utvide femte divisjon til tolv lag. Dermed berga Åmdal plassen.

Etter at sesongen var avslutta så enda Åmdal IL på nedrykksplass og var i klare for sjettedivisjonspel. Det viste seg derimot at kretstinget ville det anneleis. Det var Åmdal IL som sendte inn forslaget om ein utvida femtedivisjon til tolv lag og ikkje ti som det har vore.

Etter ei dramatisk røystin på kretstinget, der det måtte til to røystingar for å avgjere saka, så fekk Åmdal IL det fleirtalet som var naudsynt for å få forslaget igjennom.

Neste sesong vert prega av mange lokaloppgjær. Vartdal, Sæbø, Hovdebygda og Åmdal spelar i same divisjon og dette vil nok verte ein spennande sesong, både for spelarar og tilskodarar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse