Sør-Trøndelag skøytekrets |
Stem på Nye kretsrekorder STSK-løpernes Adresser: Strategiplan for Reg. Startlisenser i
Strikkeoppskrift til "Djevlelua" Trøndere i NSFs styre Trønderlista VM-hilsen Daglige rapporter BØSK-løpernes reisebrev Informasjon om barneidrett fra NIF - "Idrettens barnerettigheter" og "Bestemmelser om barneidrett". Vikingskipet. - Informasjon om åpningstider, istider og priser. Fosenhallen - Informasjon om Norges 2. ishall / flerbrukshall. Nordea kunstisbane Kristiansund Skøytehåndboka - alle opplysninger vedr. hurtigløp og kunstløp. Som medlem på STSKs hjemmeside kan du opprette din egen private hjemmeside GRATIS ! Nesodden skøyteradio 18th Masters` International Hjemmesiden ble opprettet 16.06.06 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kalender
Kategorier
Arkiv
De Fosenhall
stsk
Diskusjonsforum
|
André Kouprianoff – franskmann med russiske aner
Dei norske løparane gjorde det elendig i dette mesterskapet. Grunnen var vel først og fremst dei spesielle istilhøva som var i Davos. Den mjølkekvite Davos-isen med den fenomenale glien, var jo eit begrep heilt sidan 1898. Dei sprøyta isen utan å skrape vekk nattas snø-/rimlag, noko som ga ishinne med ”bom” i. Kraftige og veltrena løparar, som dei norske, sparka så kraftig at vidunderisen fauk i store flak bortover isflata. Kouprianoff var jo liten og lett, og profiterte nok på slike istilhøve, det var i alle høve det nordmennene brukte som (bort)forklaring. Innsatsen til Kouprianoff i Davos gjorde at det oppsto eit ”Kouprianoff-hysteri” her i landet. Det vart samla inn pengar til franskmannen, organisert av ”Kouprianoff-klubben av 1960. Det gjekk mellom anna rykter om at han var ein sovjetisk opposisjonell som hadde flykta frå KGB. Mange såg på André som ein intellektuell faneberar i kampen mot den rå muskelkrafta. Kouprianoff var langt på veg eit ikon for venstresida i ein periode etter 1960. Aslak Sira Myhre har i eit essay skildra då Dag Solstad las frå boka si, ”Roman 1987”, for eit lugubert publikum i Mjøsdistriktet: Ved inngangen til siste stoppested, Håkons pub, den bruneste puben på denne sida av Mjøsa, var det kø når vi kom. Forfatterne måtte brøytes inn til hver sin plass. Vigdis Hjorth har sjarmert og engasjert publikum med sex, familieliv, forelskelse og tapt kjærlighet. Solstad har vært lest fra Roman 87 om fotball fra tredjedivisjon og ambassadørbesøk på Lillehammer. Men nå, ved rundens avslutning, drar han fram en av sine aller mest berykta tekster. Skøytesidene fra Roman 87, en uendelig oppramsing av isforhold, tider og resultater fra en skøytesesong tidlig på sekstitallet. En effektiv stopper for manges kjærlighet til Solstad. Det er helt stille. Han leser om barmarkstrening og is på for lengst glemte baner fra tida før kunstfrys og innendørshaller. Han leser om nordmenn og utlendinger på treningsleir. Og han kommer til punktet hvor han skal referere til en for lengst glemt skøyte-løper med fornavn André. Han gjør en kunstpause, og et øyeblikk er det som å være på rockekonsert med et hvilket som helst stjerneband. For mens Solstad puster inn, roper Lillehammers litteraturinteresserte, utegjengere, fylliker og festere med en stemme ”Kouprianoff”. Og det er navnet. Det er navnet Solstad skal lese. For meg var det festivalens høydepunkt. Sidene som har fått mang en leser til å slutte å lese, var i stand til å vinne festivalens absolutt vanskeligste publikum.
Bilde: André Kouprianoff sammen med trener Gøsta Olander
André Kouprianoff hadde russiske foreldre, derav det lite fransk-klingande namnet. Dei flykta til Frankrike før krigen. André vart fødd i Paris 19. oktober 1939. Han fekk smaken på skøyter p.g.a. ein annan god fransk løpar på 50-talet, Raymond Gilloz. Han var ein slags mentor for Kouprianoff i fleire år fram mot sesongen 1960. Dei var på treningsleir i Chamonix, og i Vålådalen hjå Gøsta Olander i lange periodar hausten 1959. Dei låg også på treningsleir i Davos i vekesvis før VM vinteren 59-60. Så det var ingen utrena utøvar som kom til VM i Davos, slik mange hevda.
Sesongen 1961 prova Kouprianoff at innsatsen i Davos ikkje var eit blaff. Han gjekk godt på alle distansar i EM i Helsingfors, og samanlagt vart det ein tredjeplass. Han vann 1500 meter. Det var første gong i historia at det vart fransk distanseseier i eit skøytemesterskap. Plasseringane var: 6-8-1-4. Ved VM på den kunstfrosne Nya Ullevi i Gøteborg, vart det jamn god innsats, og ein fjerdeplass samanlagt. Sesongen 1962 vart den siste på det vanlege gode nivået frå 60 og 61. Han var svært nær ved å verte europamester på Bislett under EM. Etter plasseringane 3-3-4-4, vart det sølvmedalje. Vinnar var den gamle slitaren Robert Merkulov, som gjekk inn til ein vel fortent gullmedalje, med ein margin på 5.4 sekund til Kouprianoff på 10000 meter. I VM i Moskva var forma på retur, han greidde berre ein 8. plass samanlagt. Sesongane 63 og 64 var dårlege. Han deltok ikkje i ”skøyterevolusjonen”, og var akterutseila treningsmessig. Var med i OL i 64, men hamna langt ut i leksa. Så la han skøytene på hylla. 06.01.06 Kouprianoffs personlige rekorder: 500m: 41,5 - 1000m: 1.27,0 - 1500m: 2.11,4 - 3000m: 4.45,9 - 5000m: 8.03,9 - 10.000m: 16.39,1 Bildet er fra premieutdelingen for 500-meteren i EM i Oslo 4. februar 1962. Fra venstre:Boris Stenin (Sovjetunionen sølv), Jevgenij Grishin (Sovjetunionen, gull), André Kouprianoff (Frankrike, delt bronse) og Henk van der Grift (Nederland, delt bronse). Bildet er linket opp fra websiden til
Sportgeschiedenis.nl |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||