Skånevik blueskor er eit samarbeid mellom Prosjektet Bluesbygda Skånevik og Skånevik Bluesklubb. Koret består av alle oss som tidlegare sang i badet, bilen, skogen eller andre plassar. Målet er å ha det gøy med sang saman, der bluesen ligg i botn.
Søndag 12.11.06
Det var i dag klart for første øvinga med Skånevik Blueskor.
16 stk. topp motiverte kordamer og menn møtte, noko som er heilt topp!
Kate tok seg av oppvarminga til stor fornøyelse for alle. Etter denne gymnastiske øvinga, presenterte Odd-Arne og Finn ein ny song, skriven for denne øvinga og kvelden gjekk med til synging og flikking på denne.
Me vart einige om at øvingane skal gå fast, Søndagar frå 19.00 - 20.30
Håpar at endå fleire tek turen neste gong, for dette er kanongøy!!!!!
Onsdag 08.11.06
Etablering av Skånevik Blueskor.
I dag hadde me den første samlinga for Skånevik Blueskor.
Etter at plakatane med innvitasjon berre hadde hengt opp i to dagar, var me spente på om nokon ville dukka opp. Skepsisen vart gjort til skamme og når klokka var der , sat der 11 personar i lokalet. Det vart lagt fram ei skisse over korleis ein tenkte seg organiseringa rundt koret og diskutert litt rundt dette.
Odd Arne og Finn fekk i oppdrag og finne/skrive låtar til første øvinga, søndag 12.11.06
2. Øving - Søndag 19.11.06
Kl. 19.00 var det igjen øving for blueskoret.
Me var svært spente på om like mange ville ta turen, og vart gledelegt overaska. I dag møtte der 19 stykker og me hadde mykje lått og løye.
To nye sangar vart presenterte og me e allereie no oppe i 4 songar.
Det var ein munter gjeng som avslutta ei vellykka økt når klokka nærma seg 21.00
3. Øving - Søndag 26. 11.06
I dag var me igjen 16 stykker på øvinga.
Me terpa på dei sangane me allereie er i gong med, og i tillegg starta me på og øva på julesangane som det visst er meininga me skal kora Hanne Krogh på, under hennar julekonsert, i Skånevik kyrkje 19 desember.
Etter synginga hadde me individuell stemmeprøve, slik at me skulle finne ut kor me ligg i skalaen. Dette skapte eindel merkelege lydar, som igjen fekk latteren fram, Nett slik me vil ha det.
Det einaste me no manglar er fleire mannfolk i koret.
|