|
Bluesen som musikkform er noko som stadig er i utvikling, anten ein likar det eller ikkje. Nokre av oss meinar at dette er eit sunnheitsteikn, medan andre svergar til det tradisjonelle. Denne miksturen meinar underteikna er svært sunt og førar til at diskusjonen og utviklinga av "vår" musikkform ikkje stansar opp. Oppi all denne utviklinga er det viktig av oss å hugsa tilbake til røtene.
BLUES
Sansynligvis den første individuelle sangforma hos dei svarte amerikanarane.
Tekststrofen består av tre vers, der dei to første er like medan det tredje er eit svar på eller ei utdjupning av dei to første. Bluesen går som oftast i 4/4 dels takt i eit 12 taktars skjema.
BOOGIE:
Ei bluesform der artistar som John Lee Hooker og Canned Heat har leia an som førebileter. Elektrisk, forhaldsvis tung blues som har henta mykje av rytmeforma frå jazzens Boogie Woogie stil.
CAJUN:
Eigentleg ein beteknelse på ei folkegruppe og eit geografisk område rundt Louisianna. Då den franske delen av Canada, kalla Acadia vart erobra av britane, flykta svært mange av dei franskspråklege innbyggjarane sørover og slo seg ned i sumpområda rundt Louisianna, som den gongen fortsatt var ein fransk koloni. I Cajunmusikken er tekstane som oftast på fransk og i tillegg vert det i musikken nytta mykje fele og trekkspel. Musikken har svært ofte valsetakt!
CHICAGO BLUES:
Ei bluesform som er ein direkte etterkomar av Delta bluesen. Harde tider i sørstatane under den andre verdenskrigen gjorde at svært mange svarte frå Mississippi, Lousianna og Arkansas flytta til storbyen i nord der det var industriarbeid å få. Med på flyttelasset hadde dei også bluesen som no vart vidareutvikla med bruk av elektrisk gitar, munnspel, piano, bass og trommer. Bluesen vart tyngre og meir kraftfull, og det er denne forma for blues, anført av artistar som Muddy Waters og Howlin Wolf som har vore dei største inspiratorane i det vi i dag kallar moderne rock.
COMBO:
Eit anna ord for lite orkester. Eit bluesband beståande av tre medlemmar vert ofte kalla ein bluescombo.
DELTA BLUES:
Bluesform som oppsto i bommullsområda rundt Mississippi-deltaet. Vert rekna som urbluesens med si enkle form. Vert som oftast framført akustisk med gitar, sang og kanskje eit munnspel. Robert Johnson og Mississippi John Hurt vert rekna som dei store innan Delta bluesen.
JUMP BLUES:
Sving blues som vert spelt med ei rask og forhaldsvis sterkt markert rytme og som av den grunn ofte gir publikum store vanskar med å sitja stille.
MEMPHIS SOUND:
Betegnelse på det særeigne lydbilete til musikk innspelt i Memphis. Takka Sam Philips og Sun Records vart Memphis ein svært viktig musikkby i sørstatane. Etterkvart etablerte plateselskap som Hi records og velkjente Stax, 60 talets viktigaste R&B selskap seg her. Aretha Franklin og Wilson Pickett er eksempel på artistar som var med på å danna denne særeigne stilen.
NEW ORLEANS SOUND:
Den forma for R&B som vart spela i New Orleans på 50 talet, spelte ei viktig rolle i 50 tals rocken takka artistar som Fats Domino og Little Richard. Ein sterkt markert rytmeseksjon, lett piano, blåsera, frisk el-gitar og sang er vanleg i denne musikken.
SLIDEGITAR:
Dette er gitarspel der gitaristen nyttar ein flaskehals (Bottleneck), eit rør eller liknande over strengane på gitarhalsen slik det også vert gjort på steelgitar og Hawaii-gitar. Er etterkvart vanleg å nytta innan dei fleste bluessjangrar.
TEXAS BLUES:
Fellebeteknelse på bluesmusikken inspirert av den som i si tid vart skapt på klubbane i Austin Texas.Bluesmusikken har mykje av rocken sine elementer i seg og er basert på tildels raske låtar med mykje bruk av el-gitar. Artistar som The Fabulus Thunderbirds og Stevie Ray Vaughn er blant dei fremste innan denne forma for blues.
TEX MEX:
Fellesbeteknelse på musikk som hentar inspirasjon frå begge sider av grensa i Texas og Mexico. Musikken har mykje latin-inspirert rytme i seg. Band som Los Lobos er blant dei mest kjente innan denne sjangeren.
|