Olav Lundanes, sunnmøringen som nå løper for Halden SK, ser frem til NM ultralangdistanse langt nord for polarsirkelen. Vi har stilt Olav, en av favorittene til verdensmestertittelen på hjemmebane under årets VM i Trondheim, og dermed også favoritt under NM i Sørreisa, noen spørsmål:
Ser du frem til å delta i NM ultralangdistanse?
- Eg ser veldig fram mot å springe NM-ultralang i Sørreisa i år. Terrenget ser lovande ut, og eg har aldri blitt skuffa over terrenget i Nord-Norge,så det blir nok veldig bra denne gongen også. Det blir også min debut i seniorklassen på Ultralang, så det gjer det litt ekstra spanande.
Hvilke forventninger har du til terreng, egen prestasjon etc.?
- Terrenget ser flott ut og ut i frå dei gamle karta ser det ut som at det blir variert og krevande. Mi eiga form er nok litt vansklig å annslå, da den kan vere det meste mellom bortimot topp form og ganske langt borte. Uansett er Ultralang eit løp der det er treningsgrunnlaget som er viktigast, så eg håper å vere med heilt i toppen uansett.
Hvem regner du som sterkeste kandidater til gullet?
- Hans Gunnar (Omdal) og Audun (Weltzien) er nok dei det blir hardast å slå, men det er mange fleire som også absolutt kan blande seg inn i toppstriden.
Har NM ultralangdistanse noen status blant eliten i Norge?
- Ultralang har nok ganske høg status i o-Norge. Dei åra det går rett før VM blir så klart startfeltet litt middels, men i år ser det ut til å bli ganske høgt nivå. Om ein ser på dei som har vunne NM-ultralang så er det utelukande veldig god o-løparar, så det er absolutt prestisje å komme på den lista.
Til slutt: Er du i rute foran VM, og er du optimist på egne vegne?
- Eg synast det har gått veldig bra med treninga den siste tida, så eg føler at eg er på rett veg mot forma. Både for min eigen del og for heile laget, så synast eg at det ser veldig bra ut
Sørreisa o-lag ønsker Olav lykke til i VM, og ser frem til å se den blide karen i Sørreisas skoger den 28. august.
--
Bildet: Olav Lundanes
(Foto: www.olavlundanes.com)