Eidsborg ungdomslag

Samhold og fellesskap på tvers av generasjonar

Feiring av 100-årsjubileum

Den 19. september 2009 feira laget 100-årsjubileum i eit fullsett Eidsborg grendehus.

Festen vart skipa for bygdefolk og utflytta bygdefolk. I tillegg vart ordførar Olav Urbø, leiar av kultur og oppvekstutvalet Thor Arne Heggtveit og Borghild Stahl frå kulturetaten inviterte.
Arrangementet hadde ei høgtidleg ramme med artige innslag, og dei 75 frammøtte gav uttrykk for at arrangementet var svært vellukka.



Last ned (88 kB) ->>


Last ned (177 kB) ->>

      

Festen vart åpna av leiar i laget som heldt ei velkomsttale.

Deretter var det Torgrim Otterholt som tok styringa. Han sørga for at programmet gjekk som planlagt og heldt i tillegg eit flott innlegg om ungdomslaga sin framvekst rundt 1900-talet.

Det var sjølvsakt den lokale musikaren Johnny Kvaale Bjerk som stod for dei musikalske innslaga.

Ragnhild Mandt som er skrivar i EUL og leiar av barne- og ungdomsklubben hadde saman med fire av ungane i bygda laga ei dramatisering av "årsmøte i EUL 1940".

   

Dei fire skodespelerane var Anette, Kristian, Kristoffer og Vegard, alle med etternamnet Mandt
 
Nestleiar i EUL, Astrid Irene G. Hommo las opp jubileumsutgåva av Eidsborg Tidend. Den laga god stemning i salen, og mange fekk seg nok ei uventa omtale
Leiar av kultur- og oppvekstutvalet, Thor Arne Heggtveit heldt eit innlegg og gratulera laget i anledning  100'års jubileet
 
Ordførar Olav Urbø hadde og ei helsing til laget og overrekte leiaren ei pengegåve på kr. 8.000,-
 
Utflytta Eisbering Olav Mandt heldt eit artig innlegg om det han huksa best frå Eidsborg ungdomslag og skulen som no er ein del av grendehuset. Innlegget fekk også andre i salen "på gli", og det vart nok drege fram fleire historiar under kaffien etterpå.
 
Kasserar i EUL Ingrid Marthe F. Betten hadde gleda av å overraske dei tre æresmedlemmane.  Det gjorde ho med takkeord til kvar enkelt for ein fantastisk innsats for laget gjennom mange år, og for at dei fortsatt står på medlemslista

Æresmedlem av Eidsborg frilynde ungdomslag
Anna "Anniken" Mandt, Gjermund Kleppo og Torjus Lofthus. Her med Ingrid Marthe F. Betten
 
Til slutt vanka det blomar til Mette og Torgrim. Det var grendehusansvarleg og medlem av styret Bjørar Gulseth som overrekte blom til leiaren, medan Mette overrekte blom til Torgrim for ein fantastisk innsats i anledning jubileet.

 

Det var spekemat og rjomegraut som stod på menyen i Eidsborg jubileumsdagen, noko som såg ut til å falle i smak for dei fleste.

 

Gjestene

     

 

 

Jubileumskaka som smaka himmelsk godt

Samling av gamle minne i biblioteket

I den gamle skulestøga kunne gjestene mimre om "gamledagar". Her låg alle dei gamle møteprotokollane, kassebøkane, referatbok og rekneskapsbok frå barne- og ungdomsklubben, gamle bilete var hengt opp og ting som var laga på Hobbyklubben stod utstilt.