![]() |
Eidsborg ungdomslagSamhold og fellesskap på tvers av generasjonar
|
|||||||
|
Søndagstur til Goli og Visåsen
VisåskyrkjaFyrste stopp var Visåskyrkja, her kunne ein nyte den flotte utsikten mot Bandak, Ripilen, Midjås, Håtveit m.m.
GoliDeretter gjekk turen videre til Goli som høyrer til garden Huvestad. Plassen vart rydda som støyl i 1840-åra, og det vart sett opp eit steinfjos. I 1875 er det 1 kyr, 2 sau og 2 geit på plassen, og det vart sådd 1/8 del tonne bygg og 2 tonner jordeple. Bjørn Sveinungson Tjønnhaug vart fødd på plassen i 1880. Mor hans kom frå Visåsen og far hans frå Lunde, og dei busette seg på Goli. Bjørn busette seg seinare i Eidsborg og vart far til Sverre og Håkon Tjønnhaug. Namnet Goli kjem truleg av at det var ei god li.
Ei velfortjent matpause
VisåsenVisåsen er nemnd som buplass på 1700-talet, og var tidlegare ein husmannsplass under garden Berge i Eidsborg. Plassen vart skilt ut som eigen gard alt på 1840-talet. Det budde folk her heilt fram til ca. 1910-1912, og det var Skare-folket som budde her sist. I 1865 var det 4 storkveg og 16 sau på Visåsen, og det vart sådd 3/4 tonne bygg og 4 tonner jordeple. Låven stod til 1968, loft vart solgt tidleg på 50-talet, bur stend no i Øyfjell og høysel stod til for få år sida. Støga var den første bygningen som reiste frå plassen, og den vart truleg flytt til Eidsborg tidleg på 50-talet.
KløkkarkøsiLars Visåsen budde her tidleg på 1800-talet, han var klokkar i Lårdal. Tømra som ein ser på bileta vart sett opp av heimefronten som fann ut at plassen var ein ypperleg gøymestad, samstundes som ein hadde full utsikt ned over vegen.
Husmannsplassane Dokki, Storlid og HøglidAlle desse var husmannsplassar under garden Omdal. På Dokki er det registrert folk fyrste gong i 1859, og det er registrert busetnad her siste gong i 1882.
******** På Storlid har det budd to generasjonar. Halvor Olavsson Omdal rydda plassen i 1840 og busette seg her med kona Kari som kom frå Svenseid. Ungane til Halvor og Kari vert buande her ugifte, og det er busetnad på plassen fram til 1914. Halvor sjølv var noko langfingra, og det var fleire periodar han ikkje var på plassen. Han vart teke for å stele sølv på Moen gard på Dalen og korn frå Omdalgardane. Noko alvorlegare enn dette må han nok ha gjort, for han er seinare registrert som slave nr. 381 på Akershus festning. Det var lensmann Petter Mandt som tok han med seg hit.
******** Husmannsplassen Høglid er fyrste gong nemnd i 1940. Søren Aslaksson og Gro Knutsdotter busette seg på plassen, men Søren døyr alt i 1845. Det budde folk på plassen fram til 1855. Ein flott haustdag![]() Tor Olav og Frøya
Til slutt kjem nokon stemningsbilete frå den flotte haustdagen.
Tor og Olav
Besøkt 905 ganger siden 22/9-08 |
||||||||
| ||||||||