![]() |
Dalen Tempoklubb |
|
||||||||
|
dalentempoklubb
Diskusjonsforum
|
Velkommen til Dalen Tempoklubb
Årsmøte 2012Årsmøte Dalen Tempoklubb 2012 11 medlemmar av Dalen Tempoklubb var samla på Skinnarbu hotell 20.- 21- januar 2012 til årsmøte. Etter ein velkomstdrink på rom 260 med "Snabelstoff" spesalkomponert for anledningen vart det servert Årsmøtemiddag i spisesalen. Årsmøteprotokoll 2011 Sak 1. Opning: Formann ønska velkommen og opna årsmøte, Sak 2 .Årsmelding. Formann la fram årsmeldinga for 2011, denne vart samrøystes godkjent, etter ein del kommentarar. Sak 3. Rekneskap. kasseraren la fam rekneskapen for 2011, dette vart samrøystes godkjent. Sak 4. Aktivitetar i 2012. Det vart diskutert fleire alternative terff og turar til våren, årsmøte vart ening om at ein tek eit møte etter påska når alle terminlister er klare og planlegg dette. Sak 5. Ymse. Torgeir kom med framlegg om å få laga ein banner med Dalen Tempoklubb og logoar til å henge opp på treff ol. Årsmøte gav Torgeir i oppgåve å skaffe ein slik. Tempoklubben har utstyr på lager på ulike stader på Dalen, det vart drøfta om ein skulle prøve å skaffe klubben eit meir permanent lager, og om ein skulle betale ei leige til dei som no held lagerplass. Årsmøte kom fram til at ein let dette bero inntil vidare og ser dette ann.
|
|||||||||
| ||||||||||